exibições 422

1184

Windir


Sumaren elleve hundre og åttifira gjekk kong
Sverre til harde motåtgjerder,
Drapi på han Ivar
Dape med prest og følgje fekk hate større,
Det største slaget i borgarkrigen skulle no trast finna stad,
Horder av menn i brynjer med sverd ville enda opp i mannadrap,
Ingen ante at bragdi hans
Arntor kunne slike følgje få,
Ved Hagastrondi på Fimreite låg
Sverre sin flåte på fjortan skip,
Med mål å ramma
Sogndal bygd, kvar ein gard skulle brennast ned,
Krigaren Arntor gjekk viljugt i strid for å sikra hans ætt evig
grid,
Gudane ved hans side og han Magnus med hær og skip,
Utan sidestykkje, eit voldsomt mannadrap, ein eim av daud,
fjorden raud, svart, svart slag, Blodhemn rådde millom
Magnus og Kong Sverre, Deira strid om
Noreg si trone enda med Magnus sitt fall med tvo tusen mann,
Svikaren Sverre slost ikkje han, so i tøs han iakttok
slaget frå land, Krigaren Arntor gjekk viljugt i strid kom
alder attende døydde for grid, Dag lei mot kveld, ætti fekk
vita,
Arntor såg gudane so ein ekta windir,
For å sikra hans ætt evig grid må krigaren gå viljugt i strid.

(faelfilth)